Denne oppskrifta fann eg i Glød og glæde med raw food av Vibeke Amdisen. Ei fantastisk bok der du kan finne alt frå kunnskap om korleis kroppen din fungerer til matpakketips til born, "juice feasting", to ukers kostplan. Og ei god innføring i kva rå mat er, med enkle og gode oppskrifter.
1 Macadamia-mozzarella
2 dl macadamianøtter
2 dl cashewnøtter
2 ts friskpressa sitronsaft
2 ss tamari
1/2 dl vatn
1/2 ts havsalt
1/2 ts pepper
Bland alle ingrediensar i food processoren inntil massen har ein kremaktig konsistens. Skrap sidene undervegs. Kanskje treng du litt ekstra vatn.
2 Raud paprikasaua
1 dl pinjekjerner
2 raude paprika
12 soltørka tomater
1 ss friskpressa sitronsaft
2 ss agavesirup/honning
2 ss tamari
1 dl vatn
Bland alt i food processor til massen er krem/sausaktig. Tilsett vatn undervegs.
3 Linguine
4 gulrøtter
4 pastinakk
15 store basilikumblader
3 dl cherrytomater (i små biter)
2 ss italiensk krydder
1/2 ts havsalt
1/2 ts pepper
Skrell grønsakene og kast. Fortsett no med å skrelle lange tynne strimler av gulrøtter og pastinakker. Skrell gjerne direkte ned i ei stor skål. Stopp å skrelle når du når midten av grønsakene. Tilsett så resten av ingrediensane og bland godt. Deretter blandar du mozzarellablandinga i godt med hendene.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar