lørdag 12. mai 2012

Snickers


Heimelaga snickers er verdt å prøve! Eg fann oppskrift på bloggen Siljesreise.

Eg har med hell bytta ut 1/2 dl peanøtter med cashewnøtter. Det beste er å kjøpe rå nøtter og så riste dei på ca 100 grader i ovnen til dei har fått smaken av rista nøtter. Dette fordi oljer blir ødelagt ved oppvarming over 120 grader, då blir det omgjort til transfett. Og fordi snickers smakar best med rista nøtter.

Sjokoladen lagar eg slik:
100 g kakaosmør
1 ss kakaopulver
1 ss lucuma
1 ss mesquite
2 ss yacon
ei klype salt
1 ts vaniljepulver
5 dråpar stevia
1 ss nøttesmør (mandel, peanøtt, cashewnøtt...)
og gjerne litt raspa kokos

Smelt kakaosmør i vannbad. Rør inn det andre.

tirsdag 17. april 2012

Raudbetburger


Fantastisk gode! Både dei som likar og ikkje likar raudbet likar desse. Oppskrift her.

Her servert i desse rundstykka, med ein salat og litt kokt hirse.

Rå mango 'ostekake'


God rå kake! Frisk og syrleg som ei ostekake skal være. Her vart den bursdagskake. Oppskrift her.

Tips: Eg mel fyrst nøttene fint i foodprocessor, så har eg oppi mango, og til slutt det andre. Dette fordi det er lettare å få ein fin konsistens slik.

fredag 9. mars 2012

Super morgonsmoothie


Ein god start på dagen!

I denne boka fekk eg mange gode tips om korleis starte dagen best mogeleg. Kroppen rensar ut på natta og fram til kl 12 på dagen. Då er det viktig å ikkje belaste den med å ete mat som er tungt å fordøye og har lite næring, som gluten, melk og sukker.

Start dagen med nokre djupe innpust, medan du endå ligg i senga, slik at kroppen får tid til å vakne. Drikk eit par glas lunka vatn før du et noko anna, for å skylle kroppen. Ta gjerne saft frå ei halv sitron oppi. Dette løyser opp slim og er basedannande. Alt dette hjelper deg i å bli kvitt avfallsstoff og bli meir basisk. Jo djupare pust, jo meir syre ut.

Me har i fleire månadar ete ein grøn smoothie til frukost. Då får kroppen energi til utrensing samtidig som den ikkje brukar mykje energi på fordøying. Den blir aldri lik frå dag til dag, men her er ein me stadig vender tilbake til. Mine søner på 1 og 2 1/2 år elskar smoothie, så det er ein enkel måte å få i dei grønsaker, oljer og c-vitamin på! Oppskrift nok til to voksne og to små (ein glupsk liten som gjerne et meir enn oss voksne). Oppskrift inspirert av grøn smoothie i same bok som nemd over.

Lag den tjukk og luftig, så blir det mindre søl når små born skal ete.

Lag fyrst juice av:
3 epler
1 stilk stangselleri
1/2 agurk
3 cm ingefær

Hell den i ein blender og tilsett:
1 avokado
1 frosen banan
ein stor neve spinat eller ein stor kvist grønkål
1 ss Best of Greens
8 stk Amla-C tablettar
1 ss Rice Bran
1 ss Activated Barley
(desse fire siste kan sløyfast, men dei mangedoblar næringsverdien!)
Blend godt.

Ha i 3 ss extra virgine kokosolje
Blend til klumpar er borte.

Rør så inn med skei 4 ss olje (Udo's choice, Linfrøolje eller tilsvarande), 1 ss AloeVera og eit par ss chiafrø.


Server med hampfrø og gojibær. Gjerne også mulbær og litt raspa kokos.

fredag 24. februar 2012

Aubergine med tomat og quinoa


Det er ikkje så ofte eg brukar aubergine, men vart minna på kor godt det er når eg fann denne oppskrifta.

Auberginen tek til seg mykje smak og har ein delig konsistens. Me er ikkje så glad i oliven så eg brukte 2 stilkar stangselleri istadenfor. Vart godt! Eg serverte ein salat inntil, laga av roccula, pære og tomat med ein god del olivenolje over og ei klype salt.

Follow my blog with Bloglovin

lørdag 18. februar 2012

Rå villrissalat


Denne deilige salaten fann eg i boka Beautyfood, men eg har endra litt på den.

2 1/2 dl villris
himalayasalt
1 dl valnøtter
3 selleristilkar
1/2 raudløk
1 neve frisk persille

Dressing
2 ss ferskpressa sitronsaft
2 ts hvitvinseddik
1 fedd kvitløk
3 ss valnøttolje
3 ss olivenolje
himalayasalt og pepper
1 ss riskli

Legg risen til blaut i tre dagar. Byt vatn og skyll godt eit par gongar for dagen. Legg valnøtter til blaut natta over, skyll godt og hakk opp i biter. Skjær selleri i tynne skiver og raudløk i tynne ringar. Hakk persille. Bland alt.
Når du lagar dressingen blandar du fyrst sitronsaft, eddik, salt, pepper og kvitløk. Deretter piskar du inn oljer (som bør være økologiske extra virgin!) og riskli.
Bland dressingen i salaten, masser gjerne godt med ei hand. Då smakar den best!
Godt inntil alt, og åleine!

onsdag 15. februar 2012

Mango med supermat


Enkel og deilig dessert! Du treng

1 mango
blåbær
gojibær
yaconsirup
riven kokos

Ha frukt og bær på ein tallerken. Hell over eit par ss yaconsirup og litt kokos. Server saman med kokosis.
Yaconsirup er probiotisk (gode bakteriar for tarmane) og smakar som mild karamellsaus!