fredag 9. mars 2012

Super morgonsmoothie


Ein god start på dagen!

I denne boka fekk eg mange gode tips om korleis starte dagen best mogeleg. Kroppen rensar ut på natta og fram til kl 12 på dagen. Då er det viktig å ikkje belaste den med å ete mat som er tungt å fordøye og har lite næring, som gluten, melk og sukker.

Start dagen med nokre djupe innpust, medan du endå ligg i senga, slik at kroppen får tid til å vakne. Drikk eit par glas lunka vatn før du et noko anna, for å skylle kroppen. Ta gjerne saft frå ei halv sitron oppi. Dette løyser opp slim og er basedannande. Alt dette hjelper deg i å bli kvitt avfallsstoff og bli meir basisk. Jo djupare pust, jo meir syre ut.

Me har i fleire månadar ete ein grøn smoothie til frukost. Då får kroppen energi til utrensing samtidig som den ikkje brukar mykje energi på fordøying. Den blir aldri lik frå dag til dag, men her er ein me stadig vender tilbake til. Mine søner på 1 og 2 1/2 år elskar smoothie, så det er ein enkel måte å få i dei grønsaker, oljer og c-vitamin på! Oppskrift nok til to voksne og to små (ein glupsk liten som gjerne et meir enn oss voksne). Oppskrift inspirert av grøn smoothie i same bok som nemd over.

Lag den tjukk og luftig, så blir det mindre søl når små born skal ete.

Lag fyrst juice av:
3 epler
1 stilk stangselleri
1/2 agurk
3 cm ingefær

Hell den i ein blender og tilsett:
1 avokado
1 frosen banan
ein stor neve spinat eller ein stor kvist grønkål
1 ss Best of Greens
8 stk Amla-C tablettar
1 ss Rice Bran
1 ss Activated Barley
(desse fire siste kan sløyfast, men dei mangedoblar næringsverdien!)
Blend godt.

Ha i 3 ss extra virgine kokosolje
Blend til klumpar er borte.

Rør så inn med skei 4 ss olje (Udo's choice, Linfrøolje eller tilsvarande), 1 ss AloeVera og eit par ss chiafrø.


Server med hampfrø og gojibær. Gjerne også mulbær og litt raspa kokos.

2 kommentarer:

  1. Et veldig lærerrikt inlegg. Også en veldig inspirerende og lærerrik bok, "Glød og glæde med raw food" bør anbefales!

    Hilsen Aftur.

    SvarSlett
  2. Takk Aftur!
    Korleis går det med spiring av bønner og frø?

    SvarSlett