lørdag 12. mai 2012

Snickers


Heimelaga snickers er verdt å prøve! Eg fann oppskrift på bloggen Siljesreise.

Eg har med hell bytta ut 1/2 dl peanøtter med cashewnøtter. Det beste er å kjøpe rå nøtter og så riste dei på ca 100 grader i ovnen til dei har fått smaken av rista nøtter. Dette fordi oljer blir ødelagt ved oppvarming over 120 grader, då blir det omgjort til transfett. Og fordi snickers smakar best med rista nøtter.

Sjokoladen lagar eg slik:
100 g kakaosmør
1 ss kakaopulver
1 ss lucuma
1 ss mesquite
2 ss yacon
ei klype salt
1 ts vaniljepulver
5 dråpar stevia
1 ss nøttesmør (mandel, peanøtt, cashewnøtt...)
og gjerne litt raspa kokos

Smelt kakaosmør i vannbad. Rør inn det andre.

2 kommentarer:

  1. SÅ gode! Men kor mykje nøtter bruker du? Eg finn det ikkje i oppskrifta?

    SvarSlett
  2. Til ein porsjon brukar eg 1 1/2 dl nøtter totalt.
    Eg har forresten og prøvd ut ein annan type, med valnøtter og cashewnøtter. Godt! Skal snart legge ut oppskrift.

    SvarSlett