torsdag 19. januar 2012

"Ris" av røtter


Dette er eit godt alternativ til ris. Denne gongen brukte eg pastinakk og sellerirot, men du kan og bruke blomkål, jordskokk (bør helst blandast med noko anna), brokkoli eller andre røtter. Eg har planar om å prøve søtpotet saman med jordskokk.
Denne "risen" er rå og difor full av enzymer som hjelper magen din å fordøye. Enzymer forsvinn om maten varmast opp over ca 40 grader. Det er lurt å ha ein rå rett til middag, spesielt om du skal ete kjøtt.

1 pastinakk
1/2 sellerirot

Køyr i foodprocessor til det liknar ris.
Smak til med sitronsaft, havsalt (eller tamari), pepper, og ha gjerne i ca 1 ss tahini (sesamsmør) - då får du konsistensen som ris har.
Eg har og hatt oppi litt paprika, løk, tomat, spira bønner og urter. For å gjere den meir mettande kan du ha oppi spirer, solsikkekjerner, hakka valnøtter eller andre nøtter/frø. Eg heller over ca 5 ss med olje når alt er blanda saman.

Dette er og super barnemat. Men då utan så mykje krydder til dei aller minste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar