torsdag 26. januar 2012

Rosenkålsalat


Restar frå middagen i går = lunsj i dag.

Oppskrift på rosenkål er funne i denne boka. Her har dei mykje god informasjon, særleg om supermat og korleis mat påvirkar kroppen vår. Og nokre deilige oppskrifter!
Strimla rosenkål og hampfrø med dressing av olivenolje, balsamico, kvitløk, og ingefær. Masser alt godt saman. Eg hadde litt hakka soltørka tomater og gojibær oppå.

Inntil laga eg ei blanding i foodprocessor av nøtter, frø, avokado, gulrot, spirer, grønkål, soltørka tomat, krydder og ein god del olivenolje. Blir fyldig og kan erstatte kjøt. Eg lagar dette fleire gonger kvar veke, men har inga fast oppskrift endå. Perfekt lunsj: ha ei god ss oppi eit kålblad med litt olje over. Kjem oppskrift seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar