lørdag 23. januar 2010

Den som er open for alt, går glipp av mykje

(Bokmelding av Måtehold i grådighetens tid, Henrik Syse, Cappelen Damm, 2009.)
Publisert i Filosofisk supplement, nr.3 2009.

Filosofen Henrik Syse vil med boka Måtehold i grådighetens tid frigjere lesaren med å stille han til ansvar for den moral eller umoral han fører. Syse hevdar at vi med å «frigjere» oss frå måtehaldet lagar oss tvangstrøyer. Det får meg til å tenkje på ein samtale eg hadde tidlegare i sommar. Samtalepartnaren min hevda at for han kunne ordet «blæ» bety akkurat kva han ville det skulle bety. Slik meinte han at han frigjorde seg frå alle konvensjonar og reglar om korleis vi nyttar språket. Det han ikkje såg var at han eigentleg avgrensa seg sjølv, at han sette på seg ei «tvangstrøye» meir enn frigjorde seg. For med å gjere dette tok han ikkje makta over språket, men lét det styre han. Han mista kontrollen over verktøyet. Syse oppfordrar oss til å ta dette ansvaret ved å praktisere dyden måtehald.

Måtehald
Pengar, sex, krig, miljø og alkohol er område der Syse meiner dyden måtehald er særs viktig. Han definerer måtehald som evna til å halde igjen, til å finne balansen, og til å granske seg sjølv kritisk. Måtehald er ikkje primært ein handlingsregel eller ei plikt, men ein dyd, altså eit karaktertrekk eller ein kvalitet, og i følgje Syse er den grunnleggjande for at eit samfunn skal kunne kallast lukkeleg, velfungerande og godt.
Platon definerer dydar som kvalitetar som leiar oss til å gjere gode handlingar og vere gode samfunnsborgarar. Han meiner fire dydar er spesielt grunnleggjande: mot, vitskap/klokskap, rettferd og måtehald, og desse vert kalla dei fire kardinaldydane. Måtehald er den dyden som styrer dei andre dydane ved å minne om middelvegen, men for Platon og Aristoteles, som for Syse, er det ikkje snakk om askese: «Måtehold handler slett ikke om manglende livsglede, men tvert imot om å la gleden få den rolle den bør ha, så den forblir glede og ikke forfaller til en evig og rastløs søken etter nytelse og rus» (65). Måtehald er altså middelvegen, ikkje det middelmåtige og heller ikkje bevisstlaus aksept av gamle grenser. Syse konkluderer med at måtehald handlar om å ta vare på sjela vår og våre menneskelege kvalitetar, slik at vi aldri gløymer at livet er skjørt, og til slutt oppsummerer han i fem punkt kva filosofane han har referert til gjennom boka seier at dyena måtehald består i og leiar oss til:
1) «Vi skal kjenne – og anerkjenne – egne grenser.»
2) «Vi skal vise respekt for menneskets skjørhet.»
3) «Vi skal makte å se hva som er for mye, og hva som er for lite.»
4) «Vi skal ikke forveksle det måteholdne med det middelmådige eller likegyldige.»
5) «Vi skal være forsiktige – slik at vi ikke mister oss selv og de viktigste verdiene i livet.» (137)
Syse utfordrar individet gjennom heile boka og seier at det konstant står overfor reelle val, til dømes når det gjeld pengar. Vi kan ikkje sjå på etikk som subjektivt, skriv han, som smak og behag. Vi må ha nokre etiske standardar og grenser. Den som ikkje har det, meiner at det som er etisk for ein, ikkje er etisk for ein annan, og då finst det ikkje nokon objektiv norm som til dømes seier at det er verre å tene pengar på klasebomber enn på andre produkt. Når det gjeld det å tene pengar burde finanskrisa vel vere grunn nok til å ta fram dyden måtehald. Syse viser til Aristoteles som seier at «[u]sikker mulighet er ikke det samme som reell virkelighet» (89), og hevdar at krisa har «sitt utspring i at død ‘mulighet’ er blitt betraktet som allerede levende ‘virkelighet’» (77). Måtehaldet har vore fråværande og pengar som ikkje fanst har vorte sett på som reell røynd. Som eit alternativ til dette jaget meiner Syse at dyda måtehald kan leie oss mot evna til å glede oss over den vesle lukka, og at kjernen i desse gledene er uavhengig av forbruk og pengar. Han fortel historia om fiskaren som elska å sitte ved vatnet med fiskestanga si, men som vart fortald av nokon at han burde ta seg utdanning, lære seg å rekne og lese, kjøpe eigedom, og investere pengar. For då ville han jo, nettopp, kunne ha fridom til å sitte med fiskestanga si ved vatnet. Men måtehald skal som nemnd vere ein middelveg, og ikkje ei asketisk livshaldning. Syse kan difor sitere Torbjørn Røe Isaksen som poengterer den motsette overdrivinga: «Det er sant at lykken ikke kan kjøpes for penger, men det er ikke dermed sagt at vi blir lykkeligere av å bli fattigere» (92).

Sjå dette mennesket!
Syse påpeikar at alle dei fem områda han tek for seg er knytta til driftar ein kan bli slave under om ein ikkje passar på å vere måtehalden. For Aristoteles er menneskelivet målretta: alle individ strevar etter eudaimonia, lukke, som er det gode liv. Dei moralske dydane oppfattar han som vegvisarar til den langvarige lukka. Dei hjelper oss å handle rett. Syse hevdar at om vi ikkje vil verte slavar er det avgjerande å vite kvar eigne grenser går, og han viser i den ånd til Platon sin definisjon av sofrosyne (måtehald) som sjølverkjenning og sjølvkontroll. Dette får meg til å tenkje på tjuven Max Stirner skildrar i Den eneste og hans eiendom. Tjuven er ikkje er egoistisk nok, hevdar Stirner, fordi han i det han stel underlegg seg andre sine ting. Han lar dei styre over seg, og vert ein slave. Ved hjelp av oppseding og danning, ved å internalisere måtehaldet og andre dydar slik at dei vert ein del av den ein er, meiner Syse vi betre kan bevare dømmekrafta. Måtehald handlar om den indre karakterstyrken.
For å betre møte utfordringar i livet må vi vere trygge på oss sjølve, og for å vere det må vi ha ein fast grunn å stå på. Vi kan jo sjå for oss korleis det ville gå om vi støttar oss til ein rein subjektiv etikk. Syse fortel om grenser som radikalt har vorte flytta, og gamle dydar og verdiar som har vorte fjerna, og meiner dette har skjedd av to grunnar. Av relativisering, der det personlege har teke over for det objektive og dei etiske normene, og den kunnskap vi får gjennom å sjå handlingane våre i historisk perspektiv har vorte sett på som eit hinder for framskrittet. Og av frigjering, frå gamle grenser som har vorte kasta over bord, og nye som har vorte definerte uklårt, eller ikkje definerte i det heile. Han meiner forsiktig handling er noko anna enn feig handling. At nettopp fordi vi kvittar oss med gamle fordommar og grenser – og det er ofte både bra og naudsynt – må vi spørje kva vi har å sette i staden og kva vi mistar på vegen. I 1789 var den franske revolusjonen eit faktum, og dei revolusjonære ville forkaste alt som tilhøyrde det gamle samfunnet. Syse skriv òg om andre revolusjonære politikarar, frå Russland til Kambodsja, som har hatt same program. Ei forsiktig analyse av dydar og verdiar i det eldre samfunnet, med sikte på kva som kunne sparast, vart ikkje sett på som naudsynt, men heller farleg. Dersom noko er råte, er alt råte – dersom noko må byttast ut, må alt bytast ut. Syse viser i same kapittel til Alexis de Tocqueville som i boka Det gamle regimet og revolusjonen understrekar at dei revolusjonære slett ikkje klarte å knuse dei gamle institusjonane slik dei hadde ynskje om, men snarare vidareførte mange sider ved dei, berre i dårlegare forfatning. Syse meiner dei revolusjonære manglar respekt for menneske som har andre tankar enn dei sjølve, at dei set individet til side, ser på det som berre ein del av kollektivet, og at dei slik gjer det usynleg, til fordel for saka. Når vi har med menneske å gjere, meiner Syse vi må hugse på at dei alltid er knytt til no-situasjonar, og at dei ser ting frå sin ståstad. Måtehald krev nettopp varsemd og balanse: ei forsiktig framferd overfor dei menneska det vedgår, respekt for deira oppleving av situasjonen, og balanse mellom sak og person. Slik at vi ikkje øydelegg det sant menneskelege, i oss sjølve og andre.

Middelvegen
Boka til Syse er underhaldande, og er ei fin innføring i historia rundt dydar, då især måtehaldet. Han har ikkje skrive ei fagfilosofisk bok, men dette er eit viktig tema som alle, filosof eller ikkje, burde sette av litt tid til å reflektere rundt. I ei tid der det meste flyt, og der sanninga kan diskuterast, er det viktig å ha nokre ankerpunkt. Måtehald kan vere dette punktet som gjer at vi ser og set pris på kunnskap samla opp gjennom generasjonar, og som set oss til ansvar for å bruke denne kunnskapen. Men kan kvart individ stillast til ansvar for sine handlingar, og sin moral? Syse freistar å gjere dette, men korleis kan han det når han som kristen naudsynt har Gud som siste dommar?
Ofring og forsaking er ord Syse brukar; ein radikal altruisme er naudsynt, seier han. Vi må gi plass til «en mye mer oppriktig uegennyttighet». Samtidig seier han at vi må streve etter eit måtehald som handlar om å ta vare på sjela vår og våre menneskelege kvalitetar. Men er ein oppofrande person måtehalden? Kva med ein gylden middelveg (ein måtehaldet sin veg) der han både må tenkje på seg sjølv og på dei andre? Det synast meg at han, lik tjuven til Stirner, heller ikkje tenkjer nok på seg sjølv – ikkje er egoist nok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar