lørdag 23. januar 2010

La born være born!

(Publisert i magasinet Foreldre og barn, nr.3 2010, Leserbrev)

Ei mor skreiv i forrige Foreldre og Barn at ho sat igjen frustrert og med vondt inni seg. Ho hadde lest om leseopplæring for små born. Eg vil gjerne svare på nokre av spørsmåla ho sat igjen med. Er det tjenelig å la borna bli kjent med bokstavar? Å vise dei at tale og bokstavar høyrer saman? Vi kan sjå til diktaren Goethe som då han var born vart fortald at kjettarar var fæle folk. Men sidan han kunne lese, lærte han gjennom ei bok at dei og kunne være gode. Dei var outsidere, med andre meiningar. Kan ein mobbe dei av den grunn? Gjennom å lese kan borna forstå at dei med andre meiningar ikkje naudsynt er fæle, og at mobbing ikkje er riktig. Det er mange outsidere i dag og. Ved hjelp av lesing kan mobbing bytast ut med forståelse.

Målet er å få ein rikare barndom. Ingen lærer så raskt som born mellom 0 og 3 år. Bør vi ikkje heller få vondt inni oss når vi les om born som ikkje får lære? La born være born, la dei utforske og lære!

Helsing Marita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar