søndag 22. mai 2011
Glutenfritt havrebrød
25 g gjær
6 dl vatn
1/2 dl olje
1 ts salt
1 ss fiberhusk
2 dl havregryn
1 dl linfrø
1 riven gulrot
500 g grovt glutenfritt mjøl
Rør gjæren ut i lunken veske og tilsett olje, salt, fiberhusk, havregryn og linfrø. Rør om og la svelle i 10 minutt. Tilsett resten og arbeid deigen godt. Eg har her brukt semper sin grov mix. Då hevar den svært godt! Hev til dobbel størrelse. Trykk deigen ned i ei form og etterhev i 30 minutt. Steik på 200 grader i 45-55 minutt. (Til det høyres hult ut når du bankar på det og alle skorper er harde)
Sidan det ikkje er så mykje protein og fett i brødet, bør du passe på å ha det på i form av pålegg. T.d. guacamole, hummus, nøttesmør eller tahin. Du kan få meir inn i brødet med å bruke litt kikertmjøl eller nøttemjøl.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar