mandag 30. mai 2011

Detoxbrød



Eit enkelt og sunt glutenfritt brød, med ein deilig konsistens og ein smak av kokos. Fann oppkrifta her (sjå i brosjyra: Cocosa oppskrifter)

Til 1 brød treng du:
1 ss fiberhusk
1 dl vatn
1 1/2 dl knuste linfrø
2 dl solsikkekjerner
1 ss gresskarkjerner
2 1/2 dl kokosmasse
200 g malte mandlar
4 egg
4 ss Cocosa
1 ss kardemomme
1 ts kanel
1 ss anna krydder, t.d. karve
litt himalayasalt

Varm opp ovnen til 160 grader. Bland fiberhusk med vatn og la svelle i 5 minutt. Bland fyrst i linfrø, solsikkekjerner, kokos og mandlar og rør rundt. Så blandar du i resten av ingrediensene. Kna deigen lett og form til eit rundt brød, ca 4 cm høgt, på ei steikeplate. Steik i ca 60 minutt nederst i ovnen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar