lørdag 28. mai 2011

Pai


Etter at me slutta med gluten har eg prøvd ut forskjellige måtar å lage bunnen på. Denne vart god og sprø. Du treng:

110 g økologisk smør, smelta
2,5 dl soyaflak
0,5 dl havregryn
0,5 dl hirseflak

Set ovnen på 175 grader. Bland gryn/flak med det smelta smøret og ha det i ei stor paiform.
Som fyll kan du bruke det du har i kjøleskapet. Denne gongen brukte eg:

3 egg
2.5 dl soyafløyte
krydder
1 kvitløk
2 små løkar
1/2 stor squash, raspa
1 middels stor gulrot, raspa
2 tomater
1/2 paprika
Ein boks kvite bønner

Eg blandar egg, fløyte og krydder i ei skål med ein gaffel (spar litt fløyte). Bruk rikeleg med krydder! Sett dette til side medan du fyller i grønsakene. Hell eggene over grønsakene, og til slutt har du resten av fløyten på toppen. Eg brukar den som erstatning for ost.
Steik den i circa 30 minutt. Server med ein salat inntil og gjerne balsamico.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar