tirsdag 24. mai 2011
Kylling med fyll og spekeskinke
Me skulle ha kylling til middag i dag, og eg hadde lyst til å prøve noko nytt. Det vart godt! Til 2 voksne og 1 barn treng du:
3 kyllingfilet
Litt riven spuash
Litt riven ost
Mandelsmør
Spekesinke
Tilbehør:
Salat (ha i ei skål)
1 kopp økologisk fullkorn ris + 2 koppar vatn
4 små tomater
2 små løkar
1 kvitløk
1/2 riven spuash
Steik løk, kvitløk riven spuash og tomat i cocosa i nokre minutt. Skru ned varmen, tilsett risen og steik i nokre minutt til. Ha i krydder. I dag hadde eg ca 2 ss rosmarin, 1 ss merian, 3 ss herbes de provence og litt pepper, men dette kan du variere i det uendelege. Ha så i vatnet og småkok til risen er ferdig.
Medan risen kokar legg du kyllingen i ei ildfast form. Smør litt mandelsmør oppå. Riv ost og spuash over. Legg så ein bit med spekeskinke rundt kvar filet (med fyllet mellom). Hell eit par ss cocosa over. Eg satte forma inn medan ovnen var kald og varma opp til 200 grader. Steikte ca i 45 minutt. Då var kyllingen god og saftig!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar