mandag 23. mai 2011
Raw fudge
I denne boka fann eg ei deilig oppskrift på Raw fudge! Godt å ete på kvelden sidan carob ikkje virkar oppkvikkande, slik kakao gjer.
3 dl valnøtter + 1 dl finhakka valnøtter
2 ss honning
1 ss vatn
1 dl riven kokos
2 ss kokosolje (Cocosa)
2 ss carobpulver
(kjøp økologisk av det du finn!)
* Køyr dei heile valnøttene til fint mel i ei kaffikvern eller ein foodprocessor.
* Ha valnøttmjølet i ein bolle og rør inn honning, vatn, kokos, kokosolje og carob. Rør så inn dei finhakka valnøttene.
* Bre røra ut i ei 3 cm djup form og set den kaldt i cirka ein time. Skjær i firkantar, eller brekk i passelige bitar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar