onsdag 1. juni 2011
Frukost muffins
Her er oppskrift på nokre muffins som smeltar i munnen.
1 egg
1 dl soya rømme
1 dl soyayoghurt naturell
100 gram nøtter (hasselnøtter, valnøtter, cashewnøtter)
1/2 dl havregryn
1 skrelt eple
1/2 dl glutenfritt mjøl
2 ss nøytral rapsolje
2 ts flytande honning
2 ts kanel
1 ts bakepulver
muffinsformer
ev. litt yoghurt, blåbær, jordbær og gojibær som pynt.
Set ovnen på 180 grader.
1) Visp egget i ein bolle. Tilsett rømme og yoghurt og rør rundt.
2) finmal nøttene og havregryna i ein food processor eller ei kaffikvern, og rør dette saman med eggblandinga.
3) Skjær eplet i små terningar og tilsett dei saman med resten av ingrediensane. Rør godt.
4) Fordel deigen i små muffinsformer og steik dei i circa 15 minutt.
Om du brukar melk og gluten kan du godt byte ut soya rømme med kesam, soyayoghurt med yoghurt av melk og bruka fullkornsmjøl av spelt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar