fredag 10. juni 2011

Laks

før steiking

etter


Slik lagar eg ofte laks til oss. Den blir god, og er enkel å lage. Om du har dårleg tid ein dag går det an å lage den til på morgonen og sette den i ovnen, så er den klar til steiking.

Laksefilet
Spekeskinke
Frø: sesamfrø, solsikkekjerner, gresskarkjerner.
Cocosa
Krydder

Eg legg filetar i ei ildfast form. Dryss over så mykje frø at det dekkar. Bruk gjerne nøtter om du har lyst til det. Eg har alltid ein filet med berre sesamfrø, til Åne på 2 år. Det er ikkje alltid eg har spekeskinke på, men her har eg hatt rundt to. Ha eit par ss cocosa over og dryss over det krydderet du måtte ynskje. Steik midt i ovnen på 180 grader i ca 30 minutt om du set den inn i kald ovn.

Idé til tilbehør:

1 kopp speltkorn (legg i vatn natta over)
1 liten løk
1 kvitløk utan fedd
1 chil
1 glas kapers
Litt brokkoli
4-5 små tomater
Fersk rosmarin

Fres løk, kvitløk, og chili i ei steikepanne. Ha i speltkorn, kapers, brokkoli, tomater og krydre med rosmarin, salt og pepper. Varier gjerne grønsakene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar