fredag 3. juni 2011
Spirer
Endeleg fekk eg gjort det. Eg har spira nokre grønne linser.
Brukte ein nøttemelkpose.
Ha oppi eit par nevar med godt skylte linser. Set dei mørkt i tre dagar. Skyll eit par gongar for dagen i lunka vatn, og la det renne godt av. Slik at dei ikkje ligg i vatn. Den siste dagen, når dei har spira, tek du dei ut. Dette for å gi dei ein fin farge, og så får du tørka dei skikkelig. Oppbevar i kjøleskap. Godt å bruke i salat, oppå supper, inntil middag...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hei og takk for sist på rawfood kurs. Eg har lage mykje raw food sidan den gong. Når det gjeld spirer er mungbønner min favoritt. Når dei er ferdig spira, bland med litt finhakka fersk ingefær og revet kokos. Legg ein ein porsjon på tallerkenen og legg gulrotskiver i ein ring rundt. Ser fint ut og smaker frisk og godt.
SvarSlettHelsing Audhild
Hei Audhild! Eg har og laga mykje rå mat etter kurset, men har dei siste vekene laga meir varm mat. Er lettare å halde varmen då =) Takk for tips. Høyres deilig ut! Eg likar og mungbønner godt.
SvarSlett