tirsdag 14. juni 2011

Syltetøy og sjokoladepålegg



Dette er to pålegg Åne elskar. Eg fann dei i denne boka.

Sjokoladepålegg:
2 ss råkakaopulver
2 ss agavesirup
2 ss cocosa
litt kverna himalayasalt

Bland alt og oppbevar i romtemperatur.

Syltetøy:
50 g gojibær
100 g frosne eller friske bringebær
1 ss agavesirup

Legg gojibæra i vatn i ca 1 time. Om du brukar frossne bær tek du dei opp frå frysen og lar dei tine i ei stor skål.
Bland så alt i den store skåla. Du kan eventuelt køyre alt saman i ei kjøkkenmaskin, men eg tykkjer det er like godt utan.
(I oppskrifta eg fann i boka stod det ca. 3 ss agavesirup, men eg tykkjer det blir betre når eg kjenner den syrlege smaken frå bringebær.)

Syltetøyet og sjokoladen smakar også godt på vaffler, oppå is (her er sjokoladen himmelsk), smoothie, risengrynsgraut...

5 kommentarer:

  1. Sjokoladepålegget er så godt! Gojibærsyltetøy skal eg snart laga. Eg ventar gojibær i posten... ;) Takk for inspirasjon :D

    SvarSlett
  2. bringebær-syltetøyet ble kjempegodt!
    skal fortsette med den oppskriften! :)
    hilsen Myndin, og Aftur.

    SvarSlett
  3. Så bra, Myndin og Aftur! Det er óg godt å byte ut bringebær med skogsbær. Prøv sjokoladepålegget og :) M

    SvarSlett
  4. ok, det skal vi gjøre. liker bloggen din veldig godt..!

    SvarSlett
  5. Så bra at dykk likar den! Fortell gjerne om det er andre oppskrifter dykk prøver ut.

    SvarSlett