mandag 13. juni 2011

Kålsalat



Denne fantastisk gode salaten fekk eg inspirasjon til frå denne boka. Me hadde den inntil laks, men den passar til allslags kjøt.

7 dl finstrimla kål (nykål som du får tak i butikken no var godt å bruke!)
1 rødløk
1/2 dl majones økologisk
2-3 ts fransk sennep
1 dl soyarømme
4 soltørka tomater i olje
salt og grovmalt pepper

Strimle kålen. Skjær rødløk i strimler. Legg kål og løk i ein bolle. Tilsett majones, sennep, rømme, salt og peper. Rør saman så kålen blir innsmurt med dressing. Ha over strimla soltørka tomater. La stå nokre timar i kjøleskap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar