tirsdag 5. juli 2011
Bokhvetewraps med falafel
Min mann seier at dette er det næraste me kjem fastfood...
Bokhvetewraps:
Lette å lage, henger godt saman og smakar godt! Ha kva du vil som fyll: restar frå i går, skinke, laks...
Fann oppskrift her.
2 1/2 dl bokhvetemel
2 egg
2 ss smelta smør
4 dl vatn
1 ts salt
smør til steiking
Bland saman mjøl, egg, smør, vatn og salt i ein bolle. La røra kvile ei stund i kjøleskapet.
Falafel:
(Oppskrift funne i same bok.)
3 store gulrøtter, skrelt og riven
1/2 dl pinjekjerner
3 1/2 dl mandlar, hakka
3 dadlar, utan stein
2 ts spisskummen
2 store klyper salt
saft frå 1 sitron
rive skal frå 1/2 sitron
vatn
Køyr alle ingrediensane i ein blender og spe med litt vatn (pass på å ikkje ta for mykje vatn!) til deigen er slik at du kan rulle fine små bollar av den. Rull dei eventuelt i svarte sesamfrø. Tørk falaflene i ovn på 50 grader i ca 7 timar. Me hadde ikkje så god tid denne dagen og tørka dei på 100 grader i ca 2 timar.
Server med salat, tomat, paprika, og gjerne litt mandelsmør. Eller ein chilisaus laga av knuste tomater blanda med hakka chili og raudløk. Me hadde og ein klatt med squash-hummus på (og funne i same bok):
1 squash
2 ss tahini
saft frå 1/2 lime
1 stilk bladpersille
1 fedd kvitløk
1/2 ts spisskummen
2 ss olivenolje
1 klype krydret urtesalt (Eldigt Örtsalt)
1 klype salt
Bland alt i ein blender.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Falafelen må eg prøve ut!
SvarSlettGjer det! Om dei blir for lause kan du blande i litt havregryn til dei kan rullast til bollar..
SvarSlett