tirsdag 5. juli 2011
Kokoskaker
Deilige kjeks som eg fann oppskrift på i denne boka.
3 dl cashewnøtter
6 dl kokosflak
3-5 ss honning
3-5 ts vant eller sitronsaft
Eg halverte denne oppskrifta, då vart det ca 10 kaker. Køyr cashewnøtter til fint mjøl i foodprocessor. Tilsett kokos og køyr til det er godt blanda. Ha så i 3 ts honning og 3 ts vatn og køyr igjen. Eg tykkjer kakene vart søte nok, prøver nok med 2 ss neste gong, men om du vil ha deigen søtare kan du ha i 2 ts til. Om naudsynt ha i 2 ts til med vatn for å få god konsistens. Eg har og laga dei med sitronsaft men tykkjer dei vart betre med vatn.
Form dei til små runde kjeks på bakepapir og steik i ovn ved 42 grader i ca 8-12 timar. Vend etter halv steketid. Mine vart tjukke, og mjuke. Om du vil ha dei sprø lagar du dei tynnare.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kokos er så godt!
SvarSlett