fredag 28. oktober 2011
Sjokolade scones
Denne gode oppskrifta fann eg i boka The gluten-free almond flour cookbook av Elana Amsterdam. Dei er nydelege nystekte inntil ein kopp capuccino.
Det kan være vanskeleg å få tak i mandelmjøl av skolda mandlar som ikkje er avfetta. Det kan finnast på asiatiske matbutikkar. Eller du kan bestille det her. Eg har god erfaring med det siste. Det avfetta mjølet virkar ikkje på same måte, og det av mandlar som ikkje er skolda får ein annan smak. Om du er villig til å legge litt meir arbeid i det kan du male mjølet sjølv i ein foodprocessor e.l. Kok mandlane eit par minutt i vatn, rensk dei, og mal dei. Når du fyrst har fått tak i eller laga eit godt mandelmjøl er dei svært enkle å lage!
6 dl mandelmjøl
1/2 ts himalaya salt
1/2 ts bakepulver
0,7 dl druekjerneolje
0,4 dl agave nectar
2 store egg
2,5 dl mørk sjokolade (86%), hakka
Set ovnen på 175 grader. Legg bakepapir på to plater.
I ein stor bolle blandar du mandelmjøl, salt og bakepulver. I ein mindre bolle piskar du saman druekjerneolje, agavenektar og egg. Bland det våte i det tørre, og vend inn sjokolade. Bruk ei ss og legg klattar med røre med litt mellomrom.
Steik i 12-17 minutt, til dei er gyldne. La dei kjøle i 30 minutt på bakepapiret.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar