fredag 28. oktober 2011

Torsk med serranokåpe og blomkålpurée


Dei siste sundagane har eg vore flink til å planlegge middagar me skal ha veka etter. Då set eg meg til med deilige kokebøker og ein kopp te. Samtidig skriv eg handleliste. Dette sparar meg for mykje arbeid. Eg handlar ein gong i veka, eg har alle ingrediensar klare og det blir ingen middagsplanlegging på tom mage.

Denne torsken laga eg etter ei oppskrift frå Friskere fremtid av Terje Sandberg. Ein fin bok med mange middagstips!

(4 porsjonar)

4 torskefileter
4-8 Serranoskinke skiver
1 ss olivenolje

1 stort blomkål
2 ss sesamolje (eller anna olje)
1 ts himalaya salt
1/2 ts pepper

Kle 4 torskefileter med Serranoskinke, legg i ei ildfast form smurt med olivenolje eller kokosolje. Steik i ovn på 180 grader. Det tek 5 min for frosne og 7-10 min for ferske.

Rens blomkål og kok mør i vatn. Tøm av vatn og køyr blomkål til mos med stavmikser saman med olje, salt og pepper.

Me hadde og stekte søtpoteter, massert borkkoli og stekte frø og kjerner inntil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar