lørdag 29. oktober 2011
Nøttebrownie
Ei kake som Åne elskar! Pass på å hakk nøtter i små bitar når born skal få smake kaka.
Eg laga den med inspirasjon frå ei oppskrift i Tara Smak nr.4.
4 egg
2 dl sukrin
200 g mørk sjokolade
200 g smør
1/2 ts himalaya salt
2 1/2 dl amarantmjøl
200 g nøtter, hakka
Sett steikeovnen på 175 grader
Visp saman egg og sukrin (ikkje visp for mykje).
Finhakk sjokoladen. Smelt smøret i ei lita panne og trekk vekk frå varmen. Rør i sjokoladen så den smeltar.
Visp sjokoladeblandinga saman med egg/smør-blandinga. Rør i salt, mjøl og hakka nøtter.
Kle ei kakeform (ca. 25x25 cm) med bakepapir, og hell i deigen.
Steik midt i ovnen i ca. 25-30 min.
La kaka kjølne før du skjærer i den.
Server med ei halv pasjonfrukt eller litt granateple.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar