fredag 11. november 2011
Mandelmuffins med blåbær
Mine favorittmuffins!
150 g smør
1 ss finreve sitronskal (økologiske)
100 g mandlar
2 dl sikta sukrin melis
2 middels store egg
1 1/2 dl amaranthmjøl
blåbær, gjerne dypfryste
Bruk gjerne ei teflonbelagt muffinsform som rommar 12 kaker. Smør formene med romtemperert smør. Smelt smøret til røra langsomt og sett det til side. Skyll sitronene godt i varmt vatn, tørk dei og riv skalet fint på rivjern. Skåld og skrell mandlar. Riv dei i mandelkvern eller i foodprocessor.
Varm steikeovn til 190 grader.
Ha mandlar i ei skål og rør inn melis og sitronskal. Knekk eit egg om gongen og rør det inn. Tilsett mjøl og til slutt smelta smør. Rør saman . Fordel røra i formene. Topp med blåbær.
Steik på midterste rille i 15-20 minutt. Avkjøl litt i formen før du forsiktig vender dei ut. Oppbevar i kakeboks, eller frys dei ned (i maks ein månad). Eg likar å fryse dei og så varme dei i ovnen når me skal ete dei. Deilig inntil kaffi.
Oppskrift funne i denne fantastiske boka.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar