tirsdag 15. november 2011
Fredagsburritos
Dei siste vekene har me hatt rå middag ein gong i veka. Alt eg har prøvd ut har vorte godt! Rå mat er overaskande mettande. Denne oppskrifta fann eg her.
1 romanosalat
Fyll:
1 avokado, most
3 reddikar, finhakka
1/2 gul paprika, finhakka
1 tomat, i mindre bitar
2 soltørka tomater, finhakka
2 cm purre, finhakka
1 stilk flatbladet persille, finhakka
1 ts tamari
ei klype tørka chiliflak
saft av 1/2 lime
solsikkefrø
alfalfaspirer
- Bland reddikar, paprika, tomat, soltørka tomat, purre og persille med den moste avokadoen.
- Smak til med tamari, limesaft og chiliflak.
- Skyll blader av romanosalat og klapp dei tørre.
- Legg avokadoblanding oppi salatblad.
- Dryss over frø og spirer.
- Brett saman til ein burrito
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar