mandag 6. februar 2012

Gulrot-, søtpotet- og mangosuppe.


Ei mild og god suppe som varmar. Eg hadde nokre mangoar som ikkje vart mjuke, sjølv etter ei veke i selskap med epler. Nokre tørka eg i ovnen, i skiver, og ein halv kom oppi denne suppa.

1 løk
2 fedd kvitløk
2 gulrøtter
1 søtpotet
1/2 mango
7.5 dl vatn
1 1/2 ss grønsaksbuljong
Salt og pepper
Litt alfalfaspirer

Steik hakka løk i litt olje på svak varme. Kutt gulrøtter, søtpotet og mango i terningar og ha det oppi løken. Surr eit minutt. Ha i vatn og buljong. Kok til grønsakene er møre. Bruk stavmikser for å få den jevn. Smak til med salt og pepper. Du kan eventuelt ha i meir krydder om du vil ha meir smak. Karri, chili og rosmarin er godt. Pynt med litt spirer. Eg hadde og i mungbønnespirer når suppa var lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar