onsdag 27. juli 2011

Glutenfritt brød



Dette er eit saftig brød som eg fann oppskrift på her.

Sett ovnen på 200 grader.

3 dl store havregryn
2 dl havrekli
1 dl seamfrø
1 dl solsikkefrø
1 ss bakepulver
½ ss fiberhusk
1 ts salt
6 egg
½ dl olivenolje

Rør dette godt saman i ein bolle.

2 dl mandlar
1 dl kokosmasse
1 dl linfrø
3,5 dl vatn

Køyr mandlar, kokosmasse og linfrø til mjøl i ein foodprocessor. Tilsett vatn og køyr igjen. Hell det over i bollen og rør godt saman. Hell røra i ei form kledd med bakepapir. Ha gjerne litt sesamfrø på toppen. Steik på nederste rille i circa 50 minutter. Avkjøl på rist.
Det er svært godt å ete dette brødet rykande varmt! La det avkjøle i 10 minutt før du opnar det. Godt med syltetøy eller sjokoladepålegg.

Eg har endå ikkje funne havrekli som er glutenfri. Dumt for dei som har cøliaki og ikkje tåler å være i nærleiken av gluten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar